Eidsbotn

Kva skjer på Eidsbotn?

Bursdag? Strikkekafé? Ungdomsklubb? Kino-kveld?

Me ynskjer at grendahuset vårt skal brukast av alle i bygda! Om du har ein idé til eit arrangement, klubb, møteplass, bursdag, filmkveld, frivillig dag-kafé: ta kontakt, så skal me hjelpe deg med å få det til !

Huset er brukt som pizzeria frå 14:00 - 21:00 i kvardag, men det er areal tilgjengeleg som kan nyttast til andre ting. Du treng ikkje å forplikte deg til fleire arrangement - alt initiativ tek me varmt imot. Send oss ein e-post på eidsbotngrendahus@gmail.com så skal me få det til saman!

Bygda vår

Eidsbotn
- ein tettstad
i Gulen kommune

Eidsbotn er ein tettstad sør i Gulen kommune, Vestland fylke. Med litt over 300 innbyggjarar er det ein av kommunen sine største. Tettstaden består av bygdene Høyvika, Eide, Glenja, Svardal, Steine, Hovden og Halsvik.

Bygd møter industri

Eidsbotn ligg tett på industrihavnene Sløvåg og Skipavika, og er kun ein ferjetur frå Mongstad. Med hundrevis av arbeidsplassar innan kort rekkevidde er Eidsbotn ein optimal stad for livet i rurale strøk, med kort veg til eit yrande jobbmarked.

Med kun 1,5 time til Bergen er det også gode moglegheiter for dagsturar til Noregs nest største by.

Kontakt oss!

Har du ein tanke eller ein ide du ynskjer å spele inn til Eidsbotn Vel? Ynskjer du å forhøyre deg om grendahuset er ledig til eit arrangement? Send inn på kontaktskjemaet under, så svarar me så snart me kan!